fredag 14. september 2012

Ø 3.1 Meitemarken

Under arbeid!!

Føremål:

Føremålet med dette forsøket var å undersøkje korleis meitemarken reagerer på stimuli som lys og temperatur.


Teori:

Meitemarken gøymer seg under jorda eller steinar for å søkje varme. Dette gjer han òg på grunn av at han vil unngå å verte ete. Marken sin typiske åtferd kjem som ei følgje av evolusjon. Der er berre dei som overlever som får vidareført gena sine. Det er viktig å finne ein god gøymestad for å ikkje verte ete av fuglar og dyr.


Hypotese:

Del 1:
Vi trur at meitemarken vil flytte seg mot skuggen.

Del 2: 
Vi trur at meitemarken vil trekkje seg inn i bomullet.


Utstyr:
- Levande meitemark
- Glassrøyr med minst 1-2 i diameter
- Blått papir
- Teip
- Lampe
- Bomull


Framgangsmåte og resultat:

Del 1:
Vi la meitemarken i eit glassrøyr. Teipa begge endane av røyret med blått papir (som vist på videoen). Monterte opp ei lampe som lyste på den delen av røyret som ikkje var dekt til. Flytta på papira for å sjekke om marken fortsett reagerte. Observerte resultatet.

VIDEO


Som videoen viste gjekk marken mot det tildekte området.

Del 2:

Vi la meitemarken i eit nytt røyr. Røyret hadde lege i ein frysar, og vart lagt i eit kar med isbitar under forsøket. Vi låg ein bomullsbit i enden av røyret. Vi obsererte kva reaksjonen til meitemarken var.

VIDEO

Vidoen viser at reaksjonen til meitemarken var å søkje varme, i dette tilfellet å gøyme seg i bomullet.

Diskusjon:

Meitemarken vil ikkje bli ete, difor trekk han seg mot skuggen. Marken har eit instinkt, som er genetisk nedarva gjennom evolusjon. Dette gjer at han er lyssky, då alle dei meitemarkane som ikkje var lyssky vart etne. Det at meitemarken trekk mot bomullet, er óg eit resultat av evolusjonen. Dei som ikkje søkjer varme, frys ihel.
Feilkjelder i dette forsøket er mellom anna at meitemarken kan vere skada. Den kan også ha ein genetisk mutasjon som gjer at han ikkje reagerer på venta måte.

Konklusjon:

Meitemarken har eit genentisk nedarva overlevingsinstinkt, som gjer at han søkjer varme og skugge.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar