onsdag 7. november 2012

Osmose

Føremål:

Føremålet med forsøket var å sjå på osmose i levande celler i raudløk.

Teori:

Planteceller er omgitt av svært sterke celleveggar. Når dei tek opp vatn, utvidar cellene seg, men den sterke celleveggen hindrar celle i å sprekke. På den måten klarer planter å trekkje til seg vatn frå jorda slik at dei kan vekse. 

Osmose er definert som diffusjon av vatn gjennoim ein delvis gjennomtrengeleg, selektivt permeabel, hinne. Osmose er altså ikkje ein energikrevjande transport. Cellemembranane er gjennomtrengelege for vatn. Vatn passerer membranen og går frå ein stad med konsentrasjon av vatn til ein stad med lågare kosnetnrasjon av vatn. Årsaka er tilfeldige eigenrørsla hos vassmolekyla. Når vatnet går inni cellene, blir det skapt eit trykk mot cellemembranen både innafrå og utafrå. Skildnanden i trykket mellom utsida og innsida kallar vi det osmotiske trykket i løysninga. Jo større skilnaden er mellom vasskonsentrasjonen på utsida og på innsida, jo større er det osmotiske trykket. Når jamvekt er oppnådd, stoppar planta opptaket av vatn. 

Utstyrsliste:

  • Raudløk 
  • Mikroskop
  • Objektglas
  • Dekkglas
  • Skalpell
  • Pipette
  • Metta NaCl-løysning

Framgangsmåte:

Vi brukte skalpellen til å få av hinnen mellom to løkskjell. Lagde eit mikroskopipreparat. Fann celler med raud cellesaft. Vi tilsette eit par droper metta NaCl-løysning ved kanten av dekkglaset, og såg på celler i utkanten av preparatet. Observerte det vi såg. 

Resultat:

Diskusjon:

Som bileta viser, trakk cellene seg saman. Vi såg òg at celleveggen blei verande som før. Grunnen til dette er osmose.Konsentrasjonen av vatn i den metta løysinga var lågare enn i cella. Dette førte til at vatnet trakk seg ut av cella. Cellene blei dermed innskurmpa. Sidan planteceller har cellevegg, sprakk ikkje dei. Vatnet gjekk alstå frå høg konsentrasjon til låg konsentrasjon. Det osmotiske trykket i cellene var høgt fordi skilnaden mellom vasskonsentrasjonen på utsida og på innsida var høg. 

Feilkjeldene i dette forsøket er mellom anna feil i mikroskopet. Objektglaset og dekkglaset kunne ha vore skittent, noko som gjev eit endra bilete av cellene. At cellene er skada, vil gjeve eit endra utsjånad. Dersom løklaget i preparatet er tjukt, vil vi få fleire cellelag samstudes. Dette vil då vere ei feilkjelde.

Konklusjon:

Forsøket var velluka. Det blei osmose i cellene fordi vatnet gjekk frå høg konsentrasjon til låg konsentrasjon. Cellene blei innskrumpa.