mandag 22. oktober 2012

Ø 2.2 Lysmikroskopet

Føremål:

Føremålet med dette forsøket var å finne ut korleis lysmikroskopet og studere løkceller.


Teori:


Lysmikroskopet består av linser som finst i eit okular nærmast auge ditt, og fleire linser i objektiva. Linsene i okularet forstørrar 10 gongar, medan objektiva forstørrar 4, 10 og 40 gongar. Den totale forstørringa bli da 40, 100 og 400 gongar, og ein kan rekne ut forstørringa ved å multiplisere okularforstørringa med objektivforstørringa. Ein bruker grovskruen og finskruen for å kunne sjå tydeleg. Ein kan regulere lysmengda ved å opne eller stengje blendaren.


Utstyrsliste:


Lysmikroskop
Millimeterpapir
Dropeteljar med vatn
Objektglas
Dekkglas
Raudløk


Framgangsmåte:


Vi såg på ein liten bit av eit millimeterpapir og såg kor mykje mikroskopet viste ved kvar forstørring. Vi skar eit cellelag av den raude og den kvite sida av raudløken. Eit preparat vart laga ved å leggje cellelaga og ein dråpe vatn på kvar sitt objektglas. Objektglassa vart dekt med dekkglas. Vi såg på begge preparata gjennom alle tre objektiva.


Resultat:

Millimeterpapir: 

Millimeterpapiret såg slik ut gjennom det minste objektet (x4)















Millimeterpapiret såg slik ut gjennom det mellomste objektet (x10)


















Millimeterpapiret såg slik ut gjennom det største objektet (x40)















Løk:

Løcella såg slik ut gjennom det minsteobjektet (x4)



Løkcella såg slik ut gjennom det mellomste objektet (x10)

Løkcella såg slik ut gjennom det største objektet (x40)



















Raudløk:

Raudløkcella såg slik ut gjennom det minste objektet (x4)













Raudløkcella såg slik ut gjennom det mellomste objektet (x10)













Raudløkcella såg slik ut gjennom det største objektet (x40)


















Diskusjon:

Feilkjeldene i dette forsøket er at vi kan ha tilsett for mykje vatn. Det kan vere ei ulempe at det er bobler under dekkglaset, noko som vil føre til at det vert eit uklart bilete av cella. Ei anna feilkjelde er at cellene er øydelagde. Dersom løklaget i preparatet er tjukt, vil vi få fleire cellelag samstudes. Dette vil då vere ei feilkjelde. Feil i mikroskopet, som til dømes dårleg fokus i linsa, vil føre feil resultat.

Konklusjon:

Forsøket var vellukka. Vi vart kjend med mikroskopet, og studerte to ulike løkceller med det.